Jæren





Utanfor, i vest, bryt havet på mot ei sju milir lang låg sandstrand. Det er sjølve havet, Nordhavet, breidt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust, svartgrønt og salt kjem det i veldig rulling veltande inn or dei vestlege himlar, drivi av storstormane frå Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite brimhestar fram or havskodda, so skumskavlen stend, durande sin djupe æveheims orgeltone frå dei ytste avgrunnar. So støyper det seg mot strandi og krasar seg sund i kvit foss, med dunk og dyn og lange brak, døyande burt i døyvt dunder. 


Slik byrjar romanen Fred av Arne Garborg.





 Og i Haugtussa skriv han



Mot Soleglad


Det stig av Hav eit Alveland



med Tind og Mo;



det kviler klaart mot Himilrand



i kveldblaa Ro.





Eg saag det tidt som sveipt i Eim



bak Havdis graa;



det er ein huld, ein heilag Heim,



me ei kann naa.





Ho søv, den fine Tinderad



i Draume-bann;

men so ei Stund ved Soleglad

ho kjem i Brand.


Naar Dagen sig som Eld og Blod

i Blaae-Myr,

det logar upp med Glim og Glod

og Æventyr.


Det brenn i Brè og skjelv og skin

med Gullan-Bragd,

og Lufti glø’r i Glans av Vin,

Sylv og Smaragd.


Men av han døyr, den bleike Brand

som slokna Glod,

og klaart som fyrr ligg Alveland

i kveldblaa Ro.


Eg lengta tidt paa trøytte Veg

der ut til Fred;

men Lande fyrst kann syne seg,

naar Sol gjeng ned.











*********************************




Sommar på Jæren










Vinter på Jæren





















































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar